Rapport frå 16th Berlin Open Access Conference
6 og 7. juni 2023 vart delegasjonar av forskningsutøvande og -finansierande organisasjonar frå 38 nasjonar, inkludert forskningsdepartement, finansiørar, universitets- og forskingsleiing, forskarar, bibliotek og bibliotekkonsortium, samla på 16th Berlin Open Access Conference. Tyske Max Planck Society var som alltid vertskap for konferansen.
Frå Noreg deltok Sikt i eigenskap av nasjonal koordinator for open tilgang. Den norske delegasjonen bestod elles av representantar frå Forskingsinstituttas fellesarena (FFA), Universitets- og høgskolerådet (UHR) og Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir).
Målsetjinga for konferansen var å fremje levedyktige strategiar for å erstatte betalingsmurmodellen med meir transparente og berekraftige modellar. Hovuddelen av dagens vitskapelege tidsskrift ligg stadig bak betalingsmur. Modellar som fremmar open tilgang til forskingsresultat vil mogleggjere ein maksimal vitskapeleg og samfunnsmessig effekt.
Resultatet av konferansen kom i form av ei endeleg erklæring: Final Statement – 16th Berlin Open Access Conference
Den norske delegasjonen, med støtte frå Forskingsrådet og Dei regionale helseføretaka (RHF), hadde gått saman om å utvikle ein poster-presentasjon. Han viser arbeidet med open tilgang som blir gjort i Noreg: Developing a Norwegian strategy for scholarly publishing beyond 2024
Les meir om konferansen: 16th Berlin Open Acces conference – Together for transformation