Publiseringsordning ved UiT frå 2022 skal sikre full open tilgang


UiT vil bli like gode som Harvard: Ny publiseringsordning skal sikre full open tilgang til alle tidsskriftartiklar, uansett publiseringskanal.

University of Tromso av Chang Chun-Hao. Tilgjengeleg under CC BY-NC-SA 2.0 lisens

Frå 2022 har ein ny policy trådt i kraft ved UiT Noregs arktiske universitet. Den vil gjere det mogleg å få forskingslitteratur opent tilgjengelig, uavhengig av kor ein publiserer. Da er det obligatorisk for UiT sine forskarar å laste opp dei fagfellevurderte manusa sine i Cristin.

Forskarane vil som tidlegare bli oppmoda til å bruke gode fagfellevurderte tidsskrift med direkte open tilgang der slike alternativ finst. Men det er òg greitt å bruke eit av dei lukka tidsskrifta med betalingsmur, så lenge forskaren òg lastar den ferdig fagfellevurderte manusversjonen opp i Cristin. Han vil da bli gjort opent tilgjengeleg utan sperrefrist i vitenarkivet (grøn open tilgang), om ikkje forskaren sjølv ønsker å reservere seg.

Les debattinnlegg av Camilla Brekke, Johanne Raade og Per Pippin Aspaas frå UiT i Khrono: UiT vil bli like gode som Harvard


Del: Share to LinkedIn Share to Facebook Share by mail Share to Twitter