Publiseringskvoten for Wiley er brukt opp

Det vil vere ein periode no dei neste to til tre vekene kor forfattarar kan oppleve at dei ikkje får valt å publisere opent under avtalen. Ein får berre val om å betale standard APC utanom avtalen.
Årsaka til dette er at Unit er i dialog med Wiley for å få til ei løysing som kan auke kvoten ytterlegare for 2020 (og 2021). Utgangspunktet for kvoten var for låg for å oppnå det forventa målet om mengda open publisering i år, og det jobbast med å avklare årsakene og moglege løysingar. Unit antar at dette skal vere avklart i månadsskiftet september/oktober. Vi vil likevel understreke at det er uvisst om det vil vere mogleg å kome fram til ei løysing.
I påvente av avklaring har Wiley førebels sett alle konti på hald.
Vi orsakar dette, men ber om forståing for situasjonen og at dette kan vere med på å bidra til at vi kan kome styrkt ut i etterkant.