Fram for truverdig forsking
Forskarar frå Universitetet i Oslo, Handelshøgskolen BI og Høgskolen i Østfold har etablert det nasjonale nettverket Norwegian Reproducibility Network (NORRN) som er ein del av eit større internasjonalt initiativ. NORRN skal bidra til god forskingspraksis i Noreg gjennom å fremme og legge til rette for openheit og etterprovberrheit av forskingsresultat.
I ein kronikk i Forskerforum presenterer initiativtakarane for NORRN bakgrunnen for nettverket.