Evaluering av openscience.no

Foto: Shutterstock
Sikt Lisensavtalar og open tilgang er ansvarleg for openscience.no, som har vore verksam sidan juli 2021. For å utvikle nettstaden vidare ønsker vi tilbakemeldingar på korleis han brukast, kva brukarane er nøgde med og kva det burde vore meir, eller betre, informasjon om.
Det vil derfor vere til stor hjelp om du kunne svare på eit nettskjema. Vi har forsøkt å gjere skjemaet så enkelt og kortfatta som mogleg, og du vil vere anonym.
Frist for tilbakemelding er 6. oktober 2023.
Gå til nettskjema: Evaluering av openscience.no
Eventuelle spørsmål kan rettast til nettredaktøren.