Clarivate har kjøpt ProQuest

ProQuest er ein global programvare-, data- og analyseleverandør til særleg akademiske institusjonar frå heile verda.
Clarivate peiker på at oppkjøpet vil etablere dei som ein leiande leverandør av end-to-end løysingar for forskingsintelligens og utvide innhaldet og datatilbodet betydeleg, sidan tillegg av ProQuest vil komplettere Clarivate Research Intelligence Cloud.
Unit administrerer lisensavtalar for både Clarivate (der Web of Science er den største), med 56 deltakarinstitusjonar, og ProQuest-databasar, med 9 deltakarinstitusjonar.