Arrangementskalender for open forsking, våren 2023 – Event calendar for open science, spring 2023


Arrangementskalenderen med oversyn over webinar om open forsking er i ferd med å fyllast opp for våren 2023.

The event calendar with an overview over webinars on open science is filling up for the spring 2023.

"Calendar" by hanaloftus. Tilgjengeleg under CC BY-NC-ND 2.0 lisens.

For English, please scroll down.

Sikt, som redigerer nettsidene openscience.no, oppretta våren 2022 ein eigen kalender som forsøker å samle opp webinar og kurs som tilbys særleg ved universiteta. Dette har blitt gjort ved å besøke dei enskilde institusjonane sine eigne arrangemenskalendrar og setje dei saman i ein eigen tabell etter dato. I tillegg har vi fått gode innspel frå tilsette ved universitetsbiblioteka.

No omfattar kalenderen arrangement for vårsemesteret 2023, og han vil halde fram med å ha halvårige oppdateringar med høve for laupande tilføyingar.

Forklarande tekstar er både på norsk og engelsk -- og sjølve webinara nyttar begge språka, slik at mange av dei er eigna for forskarar som ikkje beherskar norsk.

Oversynet er ikkje utfyllande og omfattar førebels kun universiteta og somme andre aktørar som tilbyr webinar om open forskning og open tilgang, og der dette blir informert om i eigen kalender. 

Kontakt redaktøren for eventuelle oppdateringar. 

Kalenderen finn du ved å følge denne lenka: Arrangementskalender – Event calendar

 

Sikt, who edit the website openscience.no, have developed a collective calendar presenting webinars and courses offered especially at the Norwegian universities. This calendar has been developed by visiting the institutions' own event calendars and putting them together in a table by date. In addition, we have received good input from staff at the university libraries.

The calendar includes events for the spring semester 2023. It will be updated continously.

Explanatory texts are in both Norwegian and English - and the webinars are arranged in both languages, so many of them are suitable for researchers who do not use Norwegian.

The overview is not comprehensive and includes, for example, only universities and some other actors that offer webinars on open research and open access.

Please contact the editor for any updates.

The calendar can be found by following this link: Arrangementskalender – Event calendar


Del: Share to LinkedIn Share to Facebook Share by mail Share to Twitter