Ny innmelding for vurdering: Norskspråklege opne tidsskrift innanfor humaniora og samfunnsvitskap
Ordninga blir vurdert vidareført for en ny treårsperiode frå 2024 og er utlyst her 15. februar 2023.
Vidareføring av ordninga frå 2024 er avhengig av vidare finansiering over statsbudsjettet.
Arbeidet skjer i samarbeid med Universitets- og høgskolerådet (UHR) med Sikt (tidlegare Unit) som sekretariat.
For perioden frå 2024 er desse dokumenta ferdigstilte:
Om ordninga
Støtta er treårig og lauper frå 2024. Alle som oppfyller kriteria som er beskrivne i Retningsliner for nasjonalt tidsskriftskonsortium for humaniora og samfunnsvitskap (ovanfor) kan melde interesse for å delta. I dei oppdaterte retningslinene finst informasjon om korleis ordninga vil bli praktisert.
Alle tidsskrift, både dei som har støtte i inneverande periode og andre tidsskrift som ønsker å bli vurdert, melder seg ved å fylle ut nettskjema. Fristen for påmelding er 31. mars 2023 klokka 12:00.
Søknadsprosessen gjeld tildeling for åra 2024, 2025 og 2026. Det er ikkje planlagt ordinær utlysningsprosess i 2025 eller 2026. Ordninga vil bli evaluert og vurdert vidareført på nytt frå 2027.
Sentrale retningsliner
Ordninga er forankra i Meld. St. 25 (2016–2017) Humaniora i Norge, som mellom anna skriv dette:
Åpen tilgang til nasjonale tidsskrifter av høy kvalitet vil bidra til at en betydelig del av norskspråklig forskning blir umiddelbart tilgjengelig for relevante brukergrupper både innenfor og utenfor akademia, for eksempel i skoleverket, arkiver, biblioteker, museer, i helsevesenet, i kommunal og statlig forvalting og i næringslivet.
[...]
Publisering på norsk i humanistiske og samfunnsvitenskapelige tidsskrifter er […] viktig bl.a. for kompetanseheving, livslang læring, opplyst offentlig samtale og av språkpolitiske grunner.
Det er viktig å få kartlagt del av vitskapelege artiklar på norsk/skandinavisk i det einskilde tidsskriftet. Tidsskriftet skal i hovudsak publisere på norsk (eller eit anna skandinavisk språk), og redaksjonen skal ha ei tydeleg tilknyting til norsk fagmiljø.
Det er eit krav at tidsskriftet må publisere med open tilgang og vere indeksert i Directory of Open Access Journals (DOAJ). For tidsskrift som ønsker å vende modell frå abonnement til open publisering må kopi av søknad om å bli inkludert i DOAJ ettersendast. Den må vere mottatt HK-dir før første utbetaling av tilskot kan finne stad.
Tidsskriftet har ansvar for at innhaldet i publikasjonen fritt kan lesast, søkast i og distribuerast til ikkje-kommersiell bruk i samsvar med retningslinene for tidsskriftkonsortiet.
Publiseringskomitéen
Ein fagleg publiseringskomité vil vere sentral i arbeidet med å velgje ut tidsskrifta som skal inngå i ordninga frå 2024. Utveljinga vil bli tatt på grunnlag av dei innsendte søknadene frå utgivarar/tidsskrifteigar.
Publiseringskomitéen tar avgjersler på fagleg grunnlag, retningslinene for tidsskriftkonsortiet samt eit eige mandat. Dei vil også ha høve til å søke råd hos dei nasjonale fagorgana.
I tillegg til dei oppgitte kriteria blir tidsskrifta vurdert ut frå det totale talet på søkarar, ei rimeleg fordeling mellom samfunnsvitskap og humaniora samt dei ulike fagfelta.
Finansiering
Under føresetnad av at støtta blir vidareført vil finansiering av tidsskrifta i denne treårsperioden vere gjennom Kunnskapsdepartementet og nokre forskingsinstitusjonar.
Tal på tidsskrift som vil kunne inngå i ordninga er avhengig av løyve til konsortiet og korleis tidsskrifta blir prisa. Når publiseringskomiteen si prioriteringsliste er ferdig, vil tidsskrifteigarane bli kontakta.
Tidsplan
-
15. februar 2023: HK-dir/Sikt opnar for innmelding gjennom nettskjema.
-
31. mars 2023 klokka 12:00: Frist for tidsskrifteigarar og utgivarar til å melde inn vurdering av tidsskrift via nettskjema. Fristen er absolutt. Innmeldingane som oppfyller formelle krav vil bli oversendt publiseringskomitéen.
-
4. og 5. mai 2023: Møte i publiseringskomitéen med evaluering av tidsskrifta.
-
15. juni 2023: Tilbakemelding om eventuell mottatt støtte til alle tidsskrifteigarar og utgivarar som har meldt seg til vurdering.
Innmeldingsskjema og skjema for kostnadsspesifikasjon
Skjema for kostnadsspesifikasjon (Excel). Skal fyllast ut og leggast ved innmeldingsskjema før innsending.
For meir informasjon, kontakt Sikt sitt sekretariat for humsam-tidsskrift.
For tidlegare informasjon om ordninga, sjå Norskspråklige åpne tidsskrift innenfor humaniora og samfunnsvitenskap 01.01.2021-31.12.2023