Sikt har inngått to avtalar med «diamant» open tilgang


Nye avtalar med SciPost og Open Library of Humanities (OLH) vil starte opp 1. januar 2022.

Illustrasjon: SciPost/OLH

Kva er diamant open tilgang?

Diamant open tilgang er når tidsskriftet sine kostnadar blir dekt av andre kjelder enn abonnement eller publiseringsavgift (APC). For dei to nye avtalane kan den einskilde institusjonen teikne medlemskap mot ei årleg avgift. Ho vil dekke utgifter knytt til drift av tidsskrifta og infrastruktur.

Utgivarane for dei nye avtalane er ideelle organisasjonar som har som målsetjing å publisere artiklar som skal være opent tilgjengelege for alle. Tenestene er ikkje-kommersielle; «non profit»-baserte, og alle inntekter går til å dekke kostnadane for publisering.

Avtalane oppfyller krava i høve til Plan S.

Bakgrunnen for at denne typen avtalar vart oppretta, var eit ønske om å vende seg bort frå tradisjonell publiseringspraksis: Han låser vitskapeleg informasjon bak betalingsmurar eller tvingar forskarar til å betale høge APC-ar for å publisere i gulltidsskrift med open tilgang. Derfor har ein sett etter nye løysingar. Det er stor interesse for denne typen avtalar, med sin meir berekraftige måte å tenke økonomi knytt til vitskapeleg publisering.

 

Kva med lesing og publisering?

Alle artiklane er opent tilgjengelege og kan lesast av alle. Dei er fagfellevurderte og har opne lisensar.

Det er inga avgrensing i tal på artiklar som kan publiserast i desse avtalane, og ingen ekstra kostnadar utover medlemsavgifta.

Utgivarane har som målsetjing å auke tal på tidsskrift som er utgitte på deira plattform og søker bidrag frå norske forskarar for å kunne realisere dette.

 

Kven er SciPost?

SciPost er leia av forskarar og registrert som ein stiftelse. SciPost publiserer for tida i sju tidsskrift innan fysikk, kjemi og astronomi. Les meir om SciPost på openscience.no.

 

Kven er Open Library of Humanities?

Open Library of Humanities (OLH) publiserer artiklar innan humaniora gjennom OLH Megajournal og ei rekkje andre titlar. Les meir om OLH på openscience.no

 

Kva skjer vidare?

Parallelt med at Sikt forhandlar med dei tradisjonelle forlaga med mål om å få endringar i kostnadsmodellane deira, vil vi kartleggje landskapet for desse ikkje-kommersielle utgivarane som SciPost og OLH er døme på. Det treng vi tilbakemeldingar frå forskingsinstitusjonane på: Dei kan peike på utgivarar og tidsskrift som er interessante for nett deira forskarar. Da vil vi prioritere å gå inn i fleire slike avtalar med «diamant»-modell.

 


Share: Share to LinkedIn Share to Facebook Share by mail Share to Twitter