Typar open tilgang


Open tilgang til forskingspublikasjonar kjem i fleire valørar, avhengig av korleis publikasjonen er finansiert, kva for status publiseringskanalen har og kor tilgjengeleggjørina går føre seg.

Grovt sett er det fire typar open tilgang:

 

Fire typer OA

Grøn open tilgang

Ved publisering i abonnementsbaserte tidsskrift kan ein tidlegare fagfellevurdert versjon av artikkelen (akseptert manuskript) gjerast tilgjengeleg gjennom eit vitenarkiv. Tradisjonelt har dette innebore ein sperrefrist på 6 til 12 månader, men mange finansiørar (m.a. Forskingsrådet og EU/Plan S) krev i dag umiddelbar tilgjengeleggjøring utan sperrefrist for forskinga dei finansierer. Fleire institusjonar har òg innført eigne strategiar («rights retention») som sikrar forfattarar retten til å egenarkivere utan sperrefrist, uavhengig av forlaget sin embargopolitikk. Sjå Plan S og cOAlition S for meir om desse krava.

Hybrid open tilgang

Opent tilgjengelege enkeltartiklar i abonnementsbaserte tidsskrift som elles ikkje gjer publikasjonar opent tilgjengelege. Hybrid inneber som regel ei høg publiseringsavgift. Merk at hybridpublisering normalt ikkje reknast som fullt ut i tråd med Plan S/cOAlition S sine krav, med mindre tidsskriftet inngår i ein godkjend transformativ avtale (t.d. ein publiser-og-les-avtale).

Gull open tilgang

Publisering i tidsskrift og kanalar som i sin heilskap er opent tilgjengelege. Forretningsmodellen til denne typen tidsskrift er oftast basert på ei form for publiseringsavgift per artikkel.

Diamant (tidlegare òg platina) open tilgang

Publisering i tilgangsopne tidsskrift og kanalar utan at det er ei publiseringsavgift involvert. Desse er derfor gratis å både lese og publisere i. Diamanttidsskrift finansierast på anna vis enn gjennom tradisjonell forlagsverksemd, som for eksempel gjennom støtte frå UH-institusjonar eller som del av ein profesjonsorganisasjon.


For forklaring av ord og omgrep knytt til open tilgang, sjå ordlista vår.


Share: Share to LinkedIn Share by mail