Bakgrunn og historikk


Det ligg ei meir enn tjue år gammal historie bak ideen om open tilgang til forskingslitteratur.

pins
Open Access promomateriaal av biblioteekje. Tilgjengelig under CC BY-NC-SA 2.0 lisens

På byrjinga av 2000-talet begynte mange institusjonar og forskarar å reagere på prisane for tilgang til fagfellevurdert litteratur, og mange universitetsbibliotek vart nøydde til å prioritere kva dei kunne abonnere på. Samtidig gjorde introduksjonen av internett det mogleg å publisere litteratur på ein heilt ny måte. 

Eit av dei første og viktigaste initiativa for open tilgang sprang ut frå ein konferanse i Budapest i 2002. Her vart deltakarane einige om ein definisjon på open tilgang til forskingslitteratur som stadig står som den viktigaste og mest brukte:

By "open access" to this literature, we mean its free availability on the public internet, permitting any users to read, download, copy, distribute, print, search, or link to the full texts of these articles, crawl them for indexing, pass them as data to software, or use them for any other lawful purpose, without financial, legal, or technical barriers other than those inseparable from gaining access to the internet itself. The only constraint on reproduction and distribution, and the only role for copyright in this domain, should be to give authors control over the integrity of their work and the right to be properly acknowledged and cited. 

Sjølv om open tilgang etter kvart har vorte eit førande prinsipp for dei fleste forskingsinstitusjonar og -finansiørar, er det ikkje ukontroversielt. Ein del forskarar uroar seg for kvaliteten, fordi dei har høyrt om røvartidsskrift, eller fordi tidsskrifta som blir rekna som dei beste innanfor deira fagområde ikkje støttar fullstendig open tilgang (sjølv om dei fleste tidsskrift etter kvart støttar ein variant av open publisering). Andre har spørsmål om val og verknaden av lisensar og tilhøvet til akademisk fridom.


Politikk og retningslinjer

Mange norske universitet og forskingsinstitutt har utvikla eigne retningslinjer for open publisering og etter kvart også for opne forskingsdata. Noregs forskingsråd lanserte ein policy for opne data allereie i 2014. Han vart revidert i 2017, og erstatta av ein policy for open forskning i 2020. 
I august 2017 fekk vi for første gong nasjonale retningslinjer for open tilgang, fastsett av regjeringa. Hovudprinsippet i desse retningslinjene er: «Vitenskapelige artikler fra offentlig finansiert forskning skal gjøres åpent tilgjengelige», og «Kun i unntakstilfeller kan artikler basert på offentlig finansiering publiseres i tidsskrifter som ikke tillater tilgjengeliggjøring i vitenarkiv». 

Sjå meir i Nasjonale strategiar, politikk og retningslinjer

På europeisk nivå har vi fått Plan S – eit initiativ som også Forskingsrådet har stilt seg bak, og som fastslår at alle resultat av forsking finansiert av nasjonale og europeiske forskingsråd skal publiserast opent utan forseinkingar. For prosjekt som får finansiering frå Forskningsrådet gjeld krava frå og med 2021.  

Det norske vitenarkivet NORA haustar alle institusjonsarkiva, og gir open tilgang til fulltekstpostar: vitskapelege artiklar, doktoravhandlingar, forskingsrapportar og studentarbeid osv. Planen er at dette skal erstattast av eit nasjonalt vitenarkiv som òg skal omfatte ein del av Cristin-funksjonaliteten.

Tekst: Open Science Toolbox/Unit


Share: Share to LinkedIn Share to Facebook Share by mail Share to Twitter