ACM Digital Library (ACM)
1. Generell oversikt over avtalen
Utgivar
Association for Computing Machinery
Type avtale
Les og publiser
Avtaleperiode
1.1.2022 - 31.12.2024
Deltakarar i avtalen
Institusjonar som deltar i avtalen 2022 (Excel)
Tittelliste
The ACM Full-Text Collection. Denne tittellista, på ACM si heimeside, blir fortløpande oppdatert.
Lisens
2. Publisering gjennom avtalen
Deltakarane i avtalen kan publisere opent i dei fleste tidsskrifta og Conference proceedings. Dei som ikkje er eigd av ACM (t.d. IEEE), er ikkje en del av publiseringsavtalen, men det er lesetilgang.
Forfattarautentisering er basert på epostdomene, så det er viktig at forfattarane bruker institusjonell epostadresse.
Det vil bli sett opp eit webinar for å gjennomgå arbeidsflyt.
ACM Open Access Reporting Dashboard
3. Lesetilgang i avtalen
Full lesetilgang til ACM Digital Library. Det er òg mogleg å abonnere på ACM Computing Reviews som konsortieavtale i tillegg til ACM DL.