Wiley


Avtalen med Wiley er ein eittårig avtale for 2026.

English version

1. Generell oversikt over avtalen

Utgivar

Wiley

Type avtale

Publiser og les

Avtaleperiode

1.1.2026-31.12.2026

Avtalen vart reforhandla som ein eittårig avtale for 2026. Sjå nyheitssak. 

Deltakarar i avtalen

Oversikt over deltakarar i 2026 vil bli publisert her etter at fristen for innmelding har gått ut.

Tittelliste

Tittelliste Wiley 2026

Lisens

Administratorar ved deltakarinstitusjonane finn lisens i ConsortiaManager (Edvarda)

2. Publisering gjennom avtalen 

Avtalen gir uavgrensa publisering i forlaget sine hybridtidsskrift. Den omfattar artiklar med korresponderande forfattar som har tilknyting til ein av institusjonane som er med på Sikt sin konsortieavtale.For hybridtidsskrift er det datoen artikkelen aksepterast for publisering som vil gjelde for når den blir fanga opp av avtalen.   

Korleis gå fram for å publisere 

Arbeidsflyt for forskaren (video) 

CC-lisensar  

Avtalen tillèt publisering med alle delingslisensar frå Creative Commons (CC). Plan S oppfordrar til CC BY. Publiseringsflyten vil, når det er mogleg, leie forfattaren til CC BY som førsteval, viss dette er tillate av det aktuelle tidsskriftet og retningslinjene der.

Korresponderande forfattarar 

«Norsk korresponderande forfattar» betyr at vedkomande er tilsett ved ein av deltakarinstitusjonane i avtalen. 

Korresponderande forfattar (corresponding author) er vanlegvis forfattaren som bidrar med hovudtyngda av den intellektuelle innsatsen og som har ansvar for å følgje artikkelen fram til ferdig produkt. Vedkomande er ansvarleg for manuskriptkorreksjon, korrekturlesing, korrespondanse med forlag, handsaming av revisjonane og innlevering av reviderte manuskript fram til godkjenning. 

Korresponderande forfattar melder inn denne rolla når hen registrerer artikkelen hos Wiley.Vedkomande vil bli godkjend når hen oppgjer ein av deltakarinstitusjonane som arbeidsstad. 

Tidsskrift frå akademiske foreiningar 

Wiley administrerer ein del titlar frå akademiske/lærde foreiningar (learned societies). Desse foreiningane eig tidsskriftasine sjølve, og enkelte slike tidsskrift er inkludert i (blir tilbyddmed) lesetilgang gjennom Wiley-pakka. Dei kan altså lesast av alle deltakarinstitusjonar. Dei lærde foreiningane sine tidsskrift er i stor grad opne for at norske forskarar kan publisere med open tilgang. 

Eigenarkivering 

Artiklar som er publisert ope via avtalen med ein CC-lisens kan delast fritt. Forlaget sin PDF kan lastast opp i NVA og i institusjonelle arkiv. 

Kva med norske forskarar som ikkje er knytt til ein deltakarinstitusjon? 

Generelt er det ingaendringfor forskarar som ikkje er knytt til ein deltakarinstitusjon: 

Forskararutanfor avtalen har ikkje lesetilgang til tidsskriftpakken frå Wiley, men biblioteket kan abonnere på enkelttitlar hos forlaget. I mange høve må forskaren kjøpe enkeltartiklar eller få tilgang til artiklar via eit større bibliotek som er knytt til avtalen. 

Alle norske forskarar har høve til å publisere i alle Wiley sine tidsskrift. Er forskaren ikkje knytt til ein deltakarinstitusjon (eller tidsskriftet ikkje er blant dei som er omfatta av avtalen) vil det krevjast publiseringsavgift. 

3. Lesetilgang i avtalen 

Avtalen gir lesetilgang til forlaget sine meir enn 1300 tidsskrift. Tilgangen er til 2026-tidsskriftlista og med årleg oppgradering.

4. Wiley Open (gull-avtale)

Dette er ein tilleggsavtale til den gjeldande publiser og les-avtalen med Wiley, som vil gi ein rabatt på APC ved publisering i gulltidsskrifta. Tilleggsavtalen er ein såkalla "opt-in"-avtale, dvs. at den einskilde institusjonen som er med på hovudavtalen kan velgje om ein ønsker å bli med på tilleggsavtalen.

Tilleggsavtalen inneber at ein får en rabatt på 15 % på APC ved publisering i forlaget sine gulltidsskrift. Dette inkluderer Hindawi-tidsskrift. Dette føreset sentral fakturering av APC til den einskilde institusjonen. Fakturering vil bli kvar månad etterskotsvis, og sendast direkte frå forlaget til institusjonen. 

For institusjonane som blir med på denne tilleggsavtalen, vil artiklane i gulltidsskrifta kome inn i den same arbeidsflyten som hybridartiklane og godkjennast i det same 'dashboard'-systemet til Wiley. Det vil vere to konti i dashboard; ein for hybrid og ein for gull-godkjenning. 

Fakturering vil vere direkte frå forlaget.

Tittelliste

Gull-titlane er oppgjevne i tittellista i pkt. 1, fanen "Gold Journals".

Kontakt

For forskarar: Det er den einskilde institusjonen sitt bibliotek som administrerer avtalane. Kontakt biblioteket ditt viss du har spørsmål.

For forskingsadministratorar: Meir informasjon (prisar, lisensar osv.) finn du i ConsortiaManager (Edvarda) eller ved å kontakte Sikt.  


Share: Share to LinkedIn Share by mail