Springer
1. Generell oversikt over avtalen
Utgivar
SpringerNature
Type avtale
Publiser og les
Avtaleperiode
1.1.2023 - 31.12.2024
Sjå nyheitssak om reforhandling av avtalen.
Deltakarar i avtalen
Deltakarliste for inneverende år
Tittelliste
Tittelliste for inneverande år. Tidsskrift merkt med "par" er tidsskrift kor ein kan både publisere og lese via avtalen. Tidsskrift med høvesvis "publish_only" og "read_only", har anten berre publisering eller berre lesetilgang via avtalen. Viss tidsskriftet ikkje er med i avtalen, er det merkt med "excluded".
Lisensavtalen
Signert lisens for avtalen 2020-22. Ny lisens frå 2023 kjem.
2. Publisering gjennom avtalen
Korleis gå fram for å publisere
- Arbeidsflyt for forskaren: Springer Nature Author Journey for Hybrid Journals
Deltakarar i avtalen kan utgi et ubegrensa antall artiklar opent i hybridtidsskrift utan ekstra kostnader. Det vil vere datoen som artikkelen aksepteres for publisering som er gjeldande for når den fangast opp av avtalen.
(NB! Sjølv om forlaget heiter SpringerNature så gjeld denne avtalen berre Springer-tidsskrift, og ikke Nature-titlane).
Institusjonane må sjølv godkjenne alle artiklane som blir publisert gjennom forlaget sin arbeidsflyt (sjå lenke ovf.).
3. Lesetilgang i avtalen
Avtalen gir tilgang til 2023-tidsskriftspakka for Springer-tidsskrifta. Pakka oppgraderast kvart år.
Det er permanent arkivtilgang til artiklar utgitt i pakka ved avtalen sin slutt.
4. Springer Open
Frå 2024 har Sikt forhandla fram ein rammeavtale om rabatt og etterskotsvis fakturering. Kvar einskild institusjon som ønsker å delta i avtalen må i tillegg signere ein lisensavtale med SpringerNature.
Avtalen omfattar publisering i SpringerNature sine gulltidsskrift. Dette inkluderer gulltidsskrift frå Springer, BMC, Nature og Palgrave. Følgande gjeld:
- 10 % rabatt på publiseringsavgifta i gulltidsskrifta til Springer og BMC, ingen rabatt for gulltidsskrifta til Nature og Palgrave
- Etterskotsvis fakturering (månadleg) direkte til den einskilde institusjonen for alle artiklane
- Artiklane kjem inn i same arbeidsflyt som hybridartiklane i Compact-avtalen
Springer Open arbeidsflyt for institusjonane