Openscience.se: Ny nettstad om open vitskap i Sverige


I oktober 2025 vart Openscience.se lansert. Føremålet er å samle den mest relevante informasjonen for Sveriges overgang til eit ope vitskapssystem på éin og same stad.

Nettstaden er utvikla i eit samarbeid mellom Sveriges universitets- och högskoleförbund, Kungliga biblioteket og Svensk nationell datatjänst. 

Openscience.se vil samle den viktigaste informasjonen om aktørane, ressursane og styringsdokumenta som er sentrale for ein svensk overgang til eit ope vitskapssystem. 

Målet for portalen er å vere ein levande nettstad som kortfatta introduserer nøkkelaktørane i omstillinga i Sverige og internasjonalt, og som presenterer viktige ressursar. Han vil bli oppdatert og vidareutvikla for å spegle korleis overgangen går framover.

Gå til nettstaden: openscience.se


Share: Share to LinkedIn Share by mail