Kuratornettverk for FAIR forskingsdata


Med støtte frå Nasjonalbiblioteket har UiT, NTNU, NSD/Sikt, OsloMet, SINTEF, UiB, UiO og USN gått saman om å etablera eit nasjonalt kuratornettverk for FAIR forskingsdata på tvers av norske fagbibliotek og andre einingar for forskingsdatastøtte.

FAIR data publisering
"FAIR data publishing" av verbeeldingskr8 er lisensiert under CC BY-NC-SA 2.0. For informasjon om denne lisensen, besøk https://creativecommons.org/licenses/by-nc-sa/2.0/?ref=openverse.

Nettverket skal vera eit praktisk hjelpemiddel for støttepersonell som skal hjelpa forskarar med tilrettelegging av forskingsdata for arkivering og deling.

Prosjektet legg opp til brei involvering av relevante aktørar, og det vil bli gjennomført innspelsmøte i løpet av hausten 2022.

For meir informasjon om prosjektet, sjå prosjektomtalen i prosjektbanken til Nasjonalbiblioteket.

Kontaktperson: Philipp Conzett, philipp.conzett@uit.no.

 


Share: Share to LinkedIn Share to Facebook Share by mail Share to Twitter