RIOT Science Club med seminar og opplæring i open forsking-praksisar


RIOT Science Club vart stifta ved King's College London i 2018 og gir seminar, workshoppar og konferansar i open forsking-praksisar som skal vere "Reproducible, Interpretable, Open & Transparent" – RIOT. I 2021 starta RIOT opp i Noreg.

Illustrasjon: RIOT

I tillegg til vekentlege seminar er planen å organisere praktiske økter retta mot dei som ønsker å lære om grunnlaget for open vitskapspraksis. Desse øktene vil vere retta mot nybegynnarar, og det vil ikkje vere nødvendig med forkunnskapar. Viss du vil motta nyheitsbrev månadleg med informasjon om arrangement og anna opent vitskapsrelatert innhald kan du registrere deg her: https://forms.gle/kjeufxuVKh6VC9sj9. Twitter: https://twitter.com/riots_norway   


Share: Share to LinkedIn Share to Facebook Share by mail Share to Twitter