Ny nettstad for open forsking: openscience.no


1. juli 2021 lanserte Unit nettstaden openscience.no. Siktemålet er å informere om arbeidet rundt open forsking i Noreg – både open tilgang til forskingsartiklar (open access) og det vidare omgrepet open forsking (open science).

Kva er open forsking?

I løpet av dei to siste tiåra har open forsking fått ein viktig posisjon i strategiar og retningsliner for forsking. Ein vanleg definisjon av open forsking inkluderer som regel open tilgang til publikasjonar, opne data, open kjeldekode og opne læringsressursar.

Fleire aktørar i Noreg arbeider med og har ansvar for ulike delar av det som fell inn under open forsking. Unit har rolla som nasjonal koordinator for open tilgang og skal syte for meir open forsking i Noreg. Det gjer vi mellom anna ved å koordinere kunnskap og informasjon via den nye nettstaden.

Kva er skilnaden mellom openaccess.no og openscience.no?

Openscience.no vil erstatte openaccess.no. Hausten 2020 avgjorde Unit å satse mot eit breiare nedslagsfelt enn open tilgang til forskingsartiklar (open access) ved òg å omfatte det vidare omgrepet open forsking (open science). Dette medførte nytt namn og ei endra redaksjonell linje. Unit overtok tenesta Open Science Toolbox i 2021, og innhald derfrå er integrert på den nye nettstaden. Det gjeld særleg informasjon om forskingsdata samt tips og forslag til utvikling av tenester for open forskning ved fag- og forskingsbibliotek. Vidare vil resultata frå eit pågåande prosjekt om FAIR forskingsdata vere på plass hausten 2021. Open forsking er eit paraplyomgrep som spenner over eit vidt spekter av aktivitetar og prinsipp, og endringa i den redaksjonelle linja vil naturleg føre til eit langt breiare nedslagsfelt. 

Openaccess.no vil bli fasa ut etter ein overgangsperiode. Nettstaden vart etter kvart godt besøkt av dei som ønskte informasjon om open tilgang i Noreg. Da openaccess.no vart utvikla i 2013/14 var målgruppene administratorar og dei som har open tilgang som arbeidsfelt. Etter kvart har open tilgang fått klarare forankring med nasjonale retningslinjer frå 2017 og med Plan S. Frå 2018 og utover har det vore stor merksemd rundt Unit sine forhandlingar med internasjonale utgivarar der resultatet har vore ein sterk auke i opne artiklar. Målgruppene har derfor vorte fleire; først tilsette ved forskingsinstitusjonane som har ansvar for og administrerer lisensavtaler. Etter kvart har òg forskarar og media i aukande grad vorte brukarar; forskarane fordi dei treng informasjon om kor og korleis dei kan publisere, og media fordi den nasjonale forankringa har ført til ei rekkje debattar i fagpressa. Fleire brukarar frå «den opplyste ålmenta» vil nok òg kome til når vi no utvidar innhaldet til open forsking, til dømes gjennom meir informasjon om såkalla folkeforsking.

Til hjelp i arbeidet kan vi stø oss på eit breitt samarbeid med forskingsmiljøa i Noreg. Openscience.no har òg eit eige redaksjonsråd med representantar frå Forskingsrådet og Universitets- og høgskolerådet i tillegg til redaksjonen i Unit.

Nettstaden openaccess.no er enno tilgjengeleg, men sidene blir ikkje lenger oppdaterte. Alt stoff som var på nettstaden er oppdatert og flytta til openscience.no.

Kva skjer vidare?

Denne lanseringa kjem i sommarferien for mange, og vi reknar ho derfor som ei «stille lansering». Tidleg i haust vil eit OA-barometer vere på plass: det har mellom anna til hensikt å vise voksteren i open tilgang, både enkeltvis i dei forskjellige typane av open tilgang og totalt. Førebels kan vi vise til ein rapport frå juni 2021 som tar opp nettopp dette: Overgang til åpen publisering i Norge: Status for åpen publisering og kartlegging av kostnader.

 

Kontakt redaksjonen om du har innspel eller forslag til endringar.

 

 


Share: Share to LinkedIn Share to Facebook Share by mail Share to Twitter