University of Edinburgh, Research Data Centre


Universitetet i Edinburgh samarbeider tett med Digital Curation Centre (DCC) i Skottland og har kome langt med opne data og generell forskingsdatahandtering.

Støttetenestene for forskingsdata er ikkje organiserte under biblioteket i tradisjonell forstand, men kan likevel fungere som inspirasjonskjelde for bibliotek som skal opprette nye tenester for forskingsdata.

Universitetet i Edinburgh er eit av Storbritannias eldste universitet og har i overkant av 40 000 studentar og 15 000 tilsette. Universitetet har satsa sterkt på datahandtering med ein eigen policy for forskingsdata, og har i tillegg utarbeidd eit eige vegkart for forskingsdatahandtering som beskriv planar og konkrete målsettingar for utvikling av forskingsdatatenester.

 

Organisering av støttetenestene

Støttetenesta for forskingsdata, Research Data Service, er organisert under Information Services/Research Support og består av eit tverrfagleg Data Service Support-team med sju tilsette. 

I tillegg til generell informasjon, tilbyr Research Data Service også ulike former for kursing og opplæring både i form av tradisjonelle kurs, seminar og workshops, og gjennom nettkurs. All nødvendig informasjon for brukarane finst på nettsidene.

Dei andre tenestene er organiserte gjennom ein forenkla forskingssyklus: planlegging, gjennomføring og avslutning.

  • Planlegging («Before you begin») er sentrert rundt datahandteringsplanen og inneheld malverktøy, ein oversikt over dei ulike finansiørane sine krav samt eksempel på datahandteringsplanar.
  • Gjennomføring («Research in progress») har oversikt over eksterne verktøy og universitetet sine løysingar for datahandtering for alle trinn i forskingsprosessen. For eksempel tilbyr universitetet ein egen «Data Safe Haven» for sensitive data, og har også løysingar for High Performance Computing (HPC).
  • Avslutning («Approaching completion») gir ulike val for publisering av forskingsdata. I tillegg har universitetet eit eige arkiv for langtidslagring av forskingsdata som ikkje skal publiserast og eit eige metadataarkiv.

 

Tekst: Open Science Toolbox/Unit 2021

References


Share: Share to LinkedIn Share to Facebook Share by mail Share to Twitter