Høgskolen i Innlandet (HiNN)


HiNN har ein samla studentmasse på omring 16 000 studenter og 1 100 årsverk. Institusjonen var ein av dei første i landet som underteikna DORA-erklæringa (The San Fransisco Declariation on Research Assessment).

I 2018 fusjonerte Høgskolen i Hedmark og Høgskolen i Lillehammer og vart til Høgskolen i Innlandet (HiNN).

Bibliotektenesta si forskarstøttegruppe har lenge jobba saman med forskarar på område som systematiske søk, publisering og open tilgang. Gruppa hadde tidleg fokus på open forsking, og vart frå 2020 styrkt ved at ein oppretta ei eiga delgruppe, med fire bibliotekarar som fokuserer på å fremme open forsking ved å tilby kurs og assistanse. Med dette har samarbeidet med forskingskoordinatorane og IT i institusjonen vorte styrkt, og det jobbast med å lage rutinar og nettsider for ei felles plattform og oversikt over kor forskarane kan vende seg.

Samla tilbyr forskingsstøttetenesta for open forsking hjelp med:

  • Datahandteringsplanar
  • Datalagring 
  • Open publisering og eigenarkivering 
  • Lisensiering av opne publikasjonar og data
  • Personvernspørsmål 
  • Publiseringsfond

Det jobbast i tillegg med å integrere open forsking-tematikk i undervisninga som gis til stipendiatar, med kurs som: «Synlegheit for deg som forskar» og «Korleis søke etter opne datasett». Årleg arrangerast «Open Access Week», med quizzar, brosjyremateriell og stasjonar ved alle studiestader kor både tilsette og studentar kan lære meir om open forsking.

HiNN var ein av dei første i landet som underteikna DORA-erklæringa (The San Fransisco Declariation on Research Assessment). 

 

Tekst: Open Science Toolbox/Unit 2021

References


Share: Share to LinkedIn Share to Facebook Share by mail Share to Twitter