Løyvingar i statsbudsjettet til Norske opne tidsskrift innan humaniora og samfunnsvitskap


Statsbudsjettet for 2021 vart lagt fram 7. oktober 2020, og her er det foreslått å løyve 10,7 millionar norske kroner til dei norske opne humsam-tidsskrifta.

Illustrasjon: Shutterstock

Dette står om ordninga i statsbudsjettet:

Unit administrerer støtteordninga for opne norskspråklege tidsskrift innanfor humaniora og samfunnsvitskap. For å samle alle midlane til formålet på éin post foreslår departementet å flytte 5,2 mill. kroner frå kap. 285, post 52. Departementet foreslår også å auke løyvinga med 1 mill. kroner, til eit samla beløp på 10,7 mill. kroner.

Beløpet omfattar støtte frå Forskingsrådet og er inkludert MVA. Det skal òg dekkje administrasjon.

Det samla søknadsbeløpet dei 42 tidsskrifta har meldt inn for 2021 er på om lag 14,1 millionar kroner inkludert MVA. 

Publiseringskomitéen for humsam-tidsskrift har ferdigstilt ei prioritert liste over tidsskrift som er kvalifiserte til ordninga frå 2021. Etter dette har det blitt arbeidd med å sjå kor mange tidsskrift som kan bli inkluderte ut frå midlane som vart rekna å vere til rådvelde, med justeringar etter at statsbudsjettet for 2021 vart lagt fram.

Endeleg avgjerd på kva for tidsskrift som får støtte for perioden er venta i slutten av veke 41. 


Share: Share to LinkedIn Share to Facebook Share by mail Share to Twitter